Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Guttestreker 28. mars – 28. april

28 mars | 13:00 - 28 april | 16:00

Ope påske: torsdag 28. mars – mandag 1. april kl. 11 – 16
Etter påske: laurdag og søndag kl. 11 – 16

Guttestreker er ein kunstnarduo frå Oslo som oppstod ein haustkveld i 2015 og består av Christoffer Kroge Christensen (34) og Petter Malterud Grøndahl (34). Dei blir ofte samanlikna med Tidemand og Gude sidan deira arbeidsfordeling på verka er nokonlunde den same.

Petter er engasjert i naturvern og det var difor naturleg for han å teikna fjell, hav og skyer, mens Christoffer brenn for menneskerettar og teiknar difor menneske og bygningar.

Saman skapar dei intrikate verk som utforskar store spørsmål rundt mennesket sin plass på jorda og i universet.
Kvart verk framstiller ein bodskap og så godt som kvar einaste detalj i bildet symboliserar eit argument som underbyggjer bodskapen. Til verka kjem det også ei historie som blir framført av kunstnarane som ein performance. Dei nyttar seg av den eldgamle forteljarteknikken for å gjera bodskapet tilgjengeleg for alle og ein kvar.

Dette er kunst for folket, av folket. Dei har nemleg ingen kunstfagleg bakgrunn, men er sjølvlærde. Både i kunstfaget, men også i historie, politikk og naturvitenskapane. Dei blandar kunnskap frå alle desse fagfelta saman for å prøva å forstå mennesket sin natur, for så å konstruera detalj- og fargerike bilde, som forhåpentlegvis vil skapa ei varig endring i betraktaren sitt sinn.

Detaljar:

Start:
28 mars | 13:00
Slutt:
28 april | 16:00
Kategori:

Lokale

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181
Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Google-kart

Arrangør

Galleri G Guddal AS
Phone
95 78 63 22