Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Sverre Bjertnæs 2. juli – 14. august 2022

2. juli 2022 - 14. august 2022

SVERRE BJERTNÆS  2. juli – 14. august 2022
Ope alle dagar kl. 11 – 16.
Bjertnæs har hatt utstilling i galleriet før. Då i eit samarbeidsprosjekt med Bjarne Melgaard der dei laga bildene saman.
Bjertnæs er i dag ein av Norges viktigaste og mest sentrale samtidskunstnarar og har også gjort seg bemerka på den internasjonale kunstarenaen.
Han starta kunstkarriera i svært ung alder. Allereie som 15 åring fekk han vegleidning av Håkon Bleken, og som 19-åring kom han inn på Statens kunstakademi i Oslo.
Då hadde han allereie vore elev av Tore Bjørn Sjølsvik og Odd Nerdrum.
Etterpå studerte han ytterlegare to år ved AKI Academy of Fine Art i Erschede i Nederland.
Hans første separatutstilling var i Bjarne Melgaards sitt galleri Norsk Anargistisk Fraksjon (NAF) i år 2000.
Samarbeidet med Melgaard i New York var definitivt eit vendepunkt, frå det figurative (inspirert av Nerdrum) til det meir flytande og spontane i fleire sjangrar og teknikkar.

Intense år i New York med fleire utstillingar m.a. saman med Melgaard.
Han har opparbeida seg ein sterk teknisk ballast og ei meistring av handverket som er heilt unikt. Reint motivmessig har han klare referansar til kunsthistorien men også med sjølvbiografisk innhald.
I 2019 kunne vi sjå «Ikke alt som har vært, skal være med videre» på Haugar Vestfold Kunstmuseum. Bjertnæs si til no største retrospektive museumsutstilling.
Bjertnæs har vore open om sine rusproblem.
Mellom anna i boka «Mine bilder – om kunst og alkoholisme» som kom i januar 2021.
Han har hatt nære personlege og kunstneriske samarbeid med kunstnarar som Håkon Bleken og Bjarne Melgaard – menneske som har vore avgjerande for Bjertnæs både personleg og i hans kunstnarskap. Også med forfattaren Arne Lygre.
Vil du bli betre kjend med Bjertnæs kan du sjå NRK programmet «Kunstnerliv»  
Opningsdagen blir det musikk av Vivi-Ann Brede, song, Ji Zaragoza, trompet, Bjarne Øymyr, piano/tangent, Stig Klette, kontrabass,  Lasse Berntzen, gitar.

 

 

           

 

 

 

 

Detaljar:

Start:
2. juli 2022
Slutt:
14. august 2022
Kategori: