Utsmykking

Det store kontaktnettet av kunstnarar som er bygd opp gjennom over 25 år gjev også moglegheit til å ta på seg små og store utsmykkingsoppdrag.
 Galleriet har om lag 70 faste kunstnarar å velja mellom så utfordringa ligg i velja det beste.

Å vera med å setja preg på bygg/rom, jobba opp mot kundar og finna ut kva som høver er ein utruleg spanande del av det å driva galleri. Å følgja prosessen i små og store bygg er ei stor sak. Samtalar med arkitektar, bygningsfolk, dei som skal ha sin kvardag der enten det er som jobb eller meir bufaste er ein draum for ein gallerist. Byggteikningar, fargar, materialval, møteplasser i bygget, krysningspunkt, kor stoppar folk opp?

Galleriet har hatt oppdrag for både private og offentlege både lokalt og nasjonalt, ma. Arbeidsretten i Oslo der rettssalen inngjekk som ein vesentleg del. Både møblar (i samarbeid med interiørarkitekt) og kunst. Lokalt kan nevnas Halsnøy sjukeheim og den nye Halsnøy skule.
 Det siste store utsmykkingsoppdraget var for Aker Solutions, Ågotnes ved Bergen.
 Eit heilt nytt kontorbygg der galleriet var konsulent for innkjøp av kunst til «sosiale område» i tre etasjar. Ferdigstilt april 2014.

Har du planar om nybygg, ombygging, oppussing eller rett og slett treng råd om korleis ein heim eller arbeidsplass skal bli ein betre stad å vera er det berre å ta kontakt.

Galleriet tar ikkje påslag for medgått arbeidstid.

Warning: Undefined variable $lightbox_url_target in /home/G/galleriguddalno/www/gg/wp-content/plugins/cerchez-core/utils/shortcodes/shortcode-list.php on line 997

Utsmykkingsoppdrag i Aker Solutions sitt nye kontorbygg på Ågotnes ved Bergen.