Loading Events

« Alle hendingane

  • Denne hendinga er over.

Kjell Nupen – Grafikk

4. juli 2015 - 16. august 2015

4.juli – 16.august 2015.
Ope alle dagar kl. 11 – 16.

Kjell Nupen (1955 – 2014) har vore ein sentral kunstnar i Galleri G Guddal gjennom mange år.
To separatutstillingar i tillegg til formidling av større verk til private og offentlege verksemder.
Han viste stor entusiasme for planane om det nye utstillingslokalet som opna i Guddal i 2014.
Det er med stor æra og vørnad vi no viser ei større utstilling med Nupen sin grafikk.
Ei utstilling som var avtalt for fleire år sidan og som kjem til å fylla heile det nye lokalet.


Uendelig reise, etsing 2009

Uendelig reise, etsing 2009

Kjell Nupen var ein av dei fremste norske kunstnarane gjennom fleire tiår.

Ein allsidig kunstnar som i tillegg til grafikk og maleri også utførde store utsmykkingsoppdrag i glas, stein og div. andre materiale.
Otterdalsparken (Nupenparken) i sentrum av Kristiansand, Søm kirke, Geilo kulturkirke, det store glasmaleriet i Broerenkeerk i Zwolle, Nederland, Husnes Torg i Kvinnherad og mange fleire i inn- og utland.
Kjell Nupen har sin kunstutdanning frå Statens Kunstakademi i Oslo og Statliche Kunstakademie i Düsseldorf. Han er representert i ei rekkje store museum i inn- og utland, mellom anna ved Nasjonalmuseet, Henie-Onstad Kunstsenter og Fond Nationale D’art Contemporain i Paris.

Han drifta sin eigen grafikkverkstad heilt frå starten i karrieren og blei saman med Ørnulf Opdahl ein av frontfigurane bak The Queen Sonja Print Award. I 2012 deltok han også i ei vandreutstilling saman med Dronning Sonja og Ørnulf Opdahl. Den vitja m.a. Baroniet Rosendal.

Utstillinga i Galleri G Guddal blir den einaste salsutstillinga frå Nupen si grafikksamling sommaren 2015.

Informasjon

Start:
4. juli 2015
Slutt:
16. august 2015
Hendingskategori:

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Googlekart