Loading Events

« Alle hendingane

  • Denne hendinga er over.

Trude Hisdal – maleri

28. november 2014 - 11:00 - 23. desember 2014 - 16:00

Trude Hisdal flytta frå Bergen til Rosendal i 2010 og galleristen har venta veldig på denne utstillinga!

I galleriet sine nye lokale i Guddal viser Hisdal figurative maleri i store format.
Teknikk: Akryl på lerret.

Ho blandar det mytiske og det draumeaktige med konkrete kvardagselement: realisme og poesi.

Ynskjet hennar er å skapa maleri som er vakre, men samtidig gåtefulle og med undertonar.

Bildene kretsar kring ulike former for overgangar: frå natt til dag; frå barn til vaksen; frå liv til død: skifte frå ein tilstand til ein annen.

Tematisk er Hisdal og oppteken av barn sine magiske opplevingar av verkelegheiten, der kommunikasjon med alt levande har sentral plass, og kor ein som vaksen søkjer å gjenoppretta denne kontakten.
Den mektige naturen i Rosendal og stemningane i baroniet sin hage er og med på å prega maleria hennar.

Hisdal har si kunstutdanning frå Statens høyskole for kunsthåndverk og design, Bergen, Kunstakademiet i Trondheim, Vestlandets kunstakademi i Bergen, Norroff institutt i Bergen og Senter for kreativt uttrykk i Bergen.

Musikk v/ Bjarne Øymyr – piano, Egil Kjerstad – gitar, Rose Hisdal Kjerstad – cello, Kjell Skarsfjord – cello

Utstillinga (og kafeen i tunet) er open fredag, laurdag og søndag kl. 11 – 16.
Ekstra ope 22. og 23. desember kl. 11 – 16.
28. november (opning kl. 18.00) – 23. desember.

Informasjon

Start:
28. november 2014 @ 11:00
Slutt:
23. desember 2014 @ 16:00
Hendingskategori:

Tilskipar

Galleri G Guddal AS
Tlf.:
95 78 63 22

Stad

Galleri G Guddal
Guddalsvegen 181, Rosendal, Hordaland, Seimsfoss 5472 Norge
+ Googlekart